Pressemelding -
Rykande fersk Gudbrandsdalsost til turistane
Skal du innom Lom eller Skjåk i sommar kan du få kjøpt fersk Gudbrandsdalsost. Tre unge ambassadørar vil i heile sommar hente to dagar fersk ost på TINE Meieriet Lom & Skjåk og køyre ut til åtte utvalde turistverksemder.
Den 17. mars var det 10 år sidan TINE vedtok å halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsost på TINE Meieriet Lom & Skjåk. Dette vart markert med ulike aktivitetar. Ordførane i Lom og Skjåk, Arne Brimi, Morten Schakenda, konsernsjefen i TINE Gunnar Hovland og mange andre smurde 1000 brødskiver til skuleungane i Lom og Skjåk.
- Markeringa synte at Gudbrandsdalsosten, eller Rauosten, som vi seier i Skjåk, har ein stor plass i hjarta til oss nordmenn, seier næringssjefen i Skjåk kommune, Marianne Stensgård. Markeringa var eit samarbeid mellom Skjåk kommune, «Lenge leve G-35» og TINE.
- Det kom mange direkte attendemeldingar frå ungane då dei fekk brødskiver frå Bakeriet i Lom med fersk rauost på. Dei takka pent for maten og tykte det var knakande godt. Det er ungane som skal ete Gudbrandsdalsost i framtida og vere gode ambassadørar for dette flotte produktet. Konsernsjefen i TINE, Gunnar Hovland tykte det var så triveleg at han meinte vi skulle tilby fersk Gudbrandsdalsost til turistane som besøkjer Lom og Skjåk i sommar. Vi tok han på ordet, seier næringssjefen. Dei tre aktørane bak markeringa i mars er nå i full gang.
TINE syns dette er eit spennande samarbeid som viser fram både Gudbrandsdalsostens historie og ikkje minst relevansen den har også i dag. Brand Manager for TINE® Brunost, Berit Fidjeland, seier at det er veldig gøy å oppleve eit så sterkt lokalt engasjement.
- Vi er svært stolte av brunostane våre og den historia dei har, og syns det er veldig gøy at vi saman kan gje Gudbrandsdalsosten litt ekstra, velfortent merksemd i sommar. Brunosten sin historie strekkjer seg langt tilbake i tid og har sterk forankring både nasjonalt og regionalt. Det er ein fantastisk god kvardagsost som ikkje berre smakar godt, men som også byr på gode næringsstoff (sjå faktaboks).
Rykande fersk ost til turistane
Skjåk kommune har engasjert dei tre unge ambassadørane Oda Stensgård, Maje Kjosbakken og Tea Karoline Mork. Dei er utrusta med spesialdesigna klær, uniformert bil og har fått god innføring i Gudbrandsdalsostens historie. Det var jo på setra til Anne Hov i Gudbrandsdalen det heile starta i 1863.
- Ja, dei har vore her på meieriet og sett korleis vi lagar osten, dei har smaka og dei er godt informert om det produktet dei skal tilby turistane i sommar og historien bak, seier meierisjef Frode Aurmo.
Kvar måndag og torsdag skal dei hente fersk ost på meieriet og køyre ut til seks turistverksemder i Lom og Skjåk. Det er Grotli, Dønfoss camping, Skeid Kro, Billingen Seterpensjonat, Bakern i Lom, Brimibue, Smak i Lom og Brimi Sæter. Det er venta at omlag ein million nordmenn vil reise gjennom eller feriere i Lom og Skjåk i løpet av sommaren.
- Vi ønskjer å syne fram at den beste Gudbrandsdalsosten blir produsert der den høyrer heime, i Gudbrandsdalen på TINE Meieriet Lom og Skjåk, med den lange tradisjonen og spennande historia som osten har. Vi ønskjer å skape lokal stoltheit og bevise at mindre, lokale meieri kan ha den evna som trengs for å drive med høg effektivitet og god kvalitet, og sjølvsagt ønskjer vi å gje nordmenn positive ferieopplevingar i området vårt, seier Stensgård.
Full produksjon i heile sommar
Det går for full maskin på TINE Meieriet Lom & Skjåk med produksjon kvar dag i heile sommar.
- Ja, det går for fullt her. Det vil vera om lag 12 medarbeidarar på jobb kvar dag gjennom sommaren. Den ferske osten er mjukare og smidigare enn den du får kjøpt i butikken, men smaken er den same. Eg tør ikkje tippe på korleis sommarkampanjen vil slå ut, men eg kan love at vi skal ha nok ost til turistane, seier Aurmo.
Fakta om brunost
Brunost har ein sentral plass i norsk mattradisjon og er for mange nordmenn eit favorittpålegg. Brunost er ein søt, fyldig ost med ein svak smak av karamell.
TINE® Gudbrandsdalsost er laga av ei blanding av ku- og geitemelk. Den smakar godt i seg sjølv, og den er endå betre på alt som er nybakt eller nysteikt.
For å dekke behovet vårt for vitaminer og mineral er det viktig å spise sunt og variert. TINE® Gudbrandsdalsost er rik på kalsium, jod og vitamin B12, noko som gjer brunost til eit godt val i kvardagen. Som ein del av eit variert og balansert kosthald bidreg kalsium til å oppretthalde normal beinbygning, jod til normal kognitiv funksjon og vitamin B12 til immunsystemet sin normale funksjon. Brunost er også ei kjelde til folsyre og magnesium. Det er med andre ord mange gode grunnar til å nyte brunost, både smaks- og næringsmessig.
Mange trur at brunosten er tilsett sukker, men det er den faktisk ikkje. Alt sukkeret i vanleg brunost kjem frå mjølka. Mjølkesukkeret (laktosen) er det næringsstoffet som gir brunosten den søte smaken.
Fakta TINE Meieriet Lom & Skjåk
- 19 medarbeidarar, 17,4 årsverk.
- Produserer 1220 tonn brunost og gomme i året i gryter.
- Produkt: Gudbrandsdalsost, Ekte Geitost, Julebrunost, Innherredsost, Bestemorost®, Sognaost, Namdalsgomme, Mølsgomme og Sunnmørssøst.
- Produserer brunost til Norge, USA, Sverige, Danmark, andre EU-land, Australia og Sør-Korea.
Emner
Kategorier
Det er over 9 000 melkebønder over hele Norge som i samvirke eier TINE. Hver dag lages og leveres noen av landets mest kjente og kjære produkter med lidenskap og kjærlighet, bygget på tradisjoner som strekker seg helt tilbake til 1856 og etableringen av Nord-Europas første andelsmeieri.
Sammen skaper vi et levende Norge